Statens vegvesen trapper opp sprøytinga av betong i Godøytunnelen og anbefaler å la bilen stå og heller ta hurtigbåten til og frå Godøya.

– Den neste månaden skal vi sprøyte betong på vegger og tak i Godøytunnelen heile døgnet. Hittil har vi bare gjort dette på kveld og natt, men framover blir det også på dagtid. Sjølv om vi ryddar før kvar kolonne er det fortsatt eit anleggsområde. Det er trivelegare å ta hurtigbåten, seier prosjektleder Ole Kristian Birkeland i ei pressemelding.

Frå 1. september blir det tre endringar i tilbodet for hurtigbåt:

– Avgangen kl. 09.50 frå Godøya på laurdagar flyttast til kl. 09.30. Det er eit ønske frå dei som startar på jobb kl. 10 i Ålesund sentrum.

– Hurtigbåten vil ikkje lenger gå heilt til Alnes, det var bare i sommar.

– Avgangen kl. 23.15 frå Ålesund sentrum utsettast til kl. 23.35.