Straumen Resort & Familiepark er namnet på anlegget som er under planlegging i Skodje.

– Vi har stor tru på dette og har fått gode tilbakemeldingar frå reiselivshald, seier Rune Os, som står bak planane saman med Elbert Olsen.

Dei driv begge med eigedomsutvikling. Og området dei no har sikra seg, ligg ved sjøen, sentralt i den nye Ålesund kommune.

– Aktiv Bolia er tilretteleggar og grunneigar. Vi skal ikkje begynne å drive campingplass, understrekar Os.

Han vil ikkje røpe namn, men fortel at fire interessentar allereie har meldt seg for å drive resortet i Skodje.

– Får vi ja, og alt er på plass, så står folk klar til å begynne.

Tanken er at anlegget skal byggjast ut steg for steg. Alt skal ha høg standard. Først blir det laga til for bubilar, både korttidsplassar og for parkering over lenger tid. Opp mot 120 bilar skal kunne vere her til ei kvar tid.

Spa og hotell

I planane ligg også spaanlegg, gjestebrygge, eit lite fyrmuseum, tur- og sykkelstigar, besøksgard med dyr, leikeland, klatrepark og badestrand.

Også eit hotell er teikna inn på skissene.

– Det vil ta fleire år og utvikle dette. Det blir ikkje ferdig neste sommar. Bubilparkering blir først, og hotell blir nok sist, seier Os.

Sjøbasseng: Bildet er frå Den blå lagune på Island, men om nokre år kan ein få ei litt lik oppleving i ei vik i Straumen i Skodje.

Det mest spesielle er kanskje planane om eit heilårsbasseng i ei vik på området. Her har ein kontakt med eit firma som ser på sjansen for å bruke flo og fjøre til å varme opp badeanlegget.

– Det blir litt som Den blå lagune på Island, seier Os.

Vil inn i arealplan

Aktiv Bolia AS har søkt om å kome med i arealplanen i Skodje. Om dette ikkje skjer, vil dei søkje oppstart av reguleringsplan. Selskapet eig også eit 70 mål stort område i Grindvika, like i nærleiken. Dette er tenkt til bustadtomter.

Resortplanane høyrer ikkje saman med bustadområdet, men dei som står bak ønskjer å tenkje heilskapleg for området, blant anna med tanke på utbygging av vatn og kloakk.

Området: Resortet ligg i Juvågen, og omfattar blant anna Kuholmen og Notaholmen. Herifrå er det kort veg til dei gamle Skodjebruene og Digerneset.

Os understrekar at det er eit sensitivt område, nær sjø, og ein legg vekt på at det ikkje skal bli store naturinngrep.

– Vi vil byggje med terrenget og ikkje mot. Og vi vil utnytte kvalitetane i området slik at folk skal seie «Sjå her kor fint det er».

Os kan ikkje seie noko om kostnader.

– Her er det no snakk om å få lov til å gå vidare med planane. Det må inn i arealplanen og her må Skodje kommune kjenne si besøkstid, seier han og legg til at dei er klar til å gå vidare med utgreiingar som måtte bli krav om.

Rune Os er ein av to som står bak planane for ved Straumen i Skodje. Ambisjonen er å gjere staden til eit turist- og opplevingssenter for heile regionen. Foto: Anne-Mari Tomasgard