Strekninga mellom Vestre og Viset er både smal og svingete. Difor har Ørskog-folket i ei årrekkje arbeidd for ny veg frå Valgermo mot Viset. To tunnelar og ei bru over Vaksvik-elva. Den såkalla Børdalsvegen.

Denne vil kunne kutte svingar og fjerne gamle flaskehalsar ein gong for alle.

Kommune og fylkesting har vedteke å greie ut Valgermo til Vaksvik som eit fyrste byggjesteg på vegen mot Viset.

Men så har plannemnda for samferdselsutbygging byrja å planleggje utbetring frå Viset til Vestre i staden. Altså droppe Børdal-lina heilt.

Provoserer

Dette provoserer no ørskogbygdarane mektig.

– Ja, dette er stikk i strid med med vedtaka og interessene våre, seier Janet Roelofs i ein spontant nedsett aksjonskomité.

– Får fylket si løysing gjennomslag, vil trafikken i all framtid gå nett som i dag. Med alt det inneber, legg Roelofs til.

Innpå seks tusen køyrety passerer på fylkesveg 650 slik den ligg no.

Turisme er no så si sak. Noko anna at mest all tungtrafikk i himmelretninga fylgjer nett denne vegen.

– Vi er ikkje ute etter lastebilnæringa, viss du skulle tru det. Dei skal trass alt levere alt vi treng både i butikkane, skulane og på sjukeheimane. Vi er opptekne av å gjere trafikkplagene så små som råd for alle involverte, understrekar Janet Roelofs.

Ho tenkjer tryggleik og miljø. Støy og støv. Kø-problem og så bortetter.

Barn og godt vaksne

Søndag ettermiddag samla aksjonistane seg på Skarbø. Det seig jamnt på til nærare åtti fanebærarar – frå barn i vogn til riktig godt vaksne.

– Særs gledeleg! Vi vart positivt overraska, det må eg seie.

Ein av dei Janet kunne ta i mot på tunet, var Reidar Furseth frå Vaksvika.

– Ja, no dreg eg på meg gulevesten og skal demonstrere! Det må vere over ti år sia kommunen kosta grunnboring langs fire–fem ulike trasear. Men det skjer ikkje det stinge støv. Ein greier visst ikkje bestemme seg.

Ikkje er det løyst ut grunn i Børdalen heller. Så denne saka må verkeleg settast på kartet. Vi skulle stille oss midt i vegen borte i Kleivane, seier Furseth.

Riktig så militant vart aksjonen likevel ikkje, førehandsgodkjent av politiet som den var. I staden stilte folk seg opp på utvalde punkt frå Vestre i søraust til Steinholt i nordvest.

Eitt prosjekt

Kravet er som vi skjønar krystallklart frå Ørskog si side: Heile Børdalsvegen må byggjast som eitt samanhengande prosjekt.

– Viss ikkje vi får skikkeleg, tenleg ny veg frå Valgermo til Viset, er det meste vekkasta. Trafikken kan ikkje gå lenger der han gjer i dag, meiner Roelofs.

Provosert: Ordførar Knut Harstad er provosert over at fylkesplannemnda ignorerer kommunen sine interesser og vedtak. Foto: Bjørn Halvorsen

Ho er glad for at ordførar Knut Harstad har teke tak i saka.

– Vi har teke opp dette gang på gang utan å bli høyrt i politiske kanalar. No må folket snakke. Eg blir veldig, veldig fornøgd når eg ser kor mange som møter fram til ein aksjon som dette. No går vi ut og er eldsjeler!

Ordføraren tenkjer sitt om kvifor plannemnda kom trekkjande med dette utgreiingsframlegget no.

Men ingen i Ørskog likar tanken på å forlate løysinga med skikkeleg veg i eitt stykke. Klatte- og sparealternativet freistar ingen her.

Nemnda møtest i Molde onsdag. Det kan godt vere dei får besøk og ein god bunke underskriftslister inn på bordet sitt.