– Investorgruppa består av både norske og utanlandske aktørar. Dei er interesserte i å satse på turisme i Norge, fortel Rolf Sirevaag i utviklingsselskapet Schøyen AS.

Han har på vegner av investorgruppa kontakta utvalde kommunar frå Hordaland i sør til Troms i nord.

– Vi vi helst kjøpe tomter som er nær sjøen. Til skianlegga kan gjestane kome seg ved hjelp av bil, legg Sirevaag til.

Ledig tomt

I Stordal sentrum har kommunen akkurat no ei ledig tomt ved sjøen, der det står eit tomt kailager som skal rivast. Rolf Sirevaag synest dette høyrest interessant ut, og trur dei må ta seg ein tur til Stordal for å sjå nærare på tomta.

Ordførar Eva hove (Ap) i Stordal stadfestar at ho allereie har hatt kontakt med Rolf Sirevaag i Schøyen AS, og at ho gjerne ser at dei kjem på besøk til kommunen.

– Dette er interessant for vår del. Vi ønsker oss meir satsing på reiseliv i Stordal. Og den aktuelle tomta der kailageret står er faktisk regulert til eit slikt formål, seier Hove.

Formannskapet drøfta denne veka kva ein skal gjere med kailagertomta, men utan å fatte noko vedtak. No skal saka opp i kommunestyret 12. september.

Men det er allereie klart at lageret skal bort og at tomta skal nyttast til andre formål.

(saka held fram under)

Vil ha heilårsdrift

Rolf Sirevaag i Schøyen AS kan ikkje seie så mykje meir konkret om planane dei har enn at det er snakk om hotell eller turistanlegg basert på heilårsdrift. Og at det skal vere kystnært:

– Tidlegare bygde ein høgfjellshotell i bøtter og spann. No er ikkje desse så populære lenger. Fleire av dei er gjort om til leilegheiter. I dag er det tilgang til sjøen som er det viktige for mange. Og så er ein sjølvsagt avhengig av gode kommunikasjonar, som flyplass og vegar.

– Arbeidsplassar

Sirevaag legg til at dei ser for seg tomter som gjerne ligg nær attraksjonar eller kjende landemerke, og strekar under at dei ønsker å byggje noko som er spesielt tilpassa området.

Og dersom kommunen ikkje sjølv eig aktuelle tomter, så ber han om at dei tipsar Schøyen AS om grunneigarar som har areal som passar.

– Eit heilårsanlegg anlegg vil gje arbeidsplassar og noko igjen til lokalmiljøet, seier Rolf Sirevaag.

INTERESSERT: Eva Hove, ordførar i Stordal, er interessert i å høyre meir om hotellplanane til Schøyen AS. FOTO: TERJE ENGÅS Foto: Terje Engås