Fylkeslegen i Møre og Romsdal er kome til at han ikkje vil opprette tilsynssak mot legane i Sykkylven, som oppmoda Therese Utgård om å skifte legesenter.

Det kjem fram i svaret frå assisterande fylkeslege Nils M. Sæterbø etter at Utgård bad om ei vurdering av utspelet frå legane.

Fylkeslegen skriv at han forstår legane slik at dei etter beste evne vil «prøve å gi god og lik behandling til alle», og at ho aldri er nekta helsehjelp.

Utgård meinte legane ikkje tok til seg tidlegare kritikk frå fylkeslegen og stilte spørsmål ved om det var hennar rolle som lokalpolitikar som låg til grunn for leganes si oppmoding.

Måndag skal formannskapet i Sykkylven behandle to saker om legetenesta i kommunen.

Den eine gjeld ny avtale om legesenter og daglegevakt fram til nyttår, medan den andre er eit forslag om å endre samarbeidsutvalet med legetenesta.