Ein mann har fått skader i ein arm etter eit arbeidsuhell på Hasund i Ulstein måndag.

Ambulanse og politi rykka ut til staden, ifølgje Møre og Romsdal politidistrikt.

Mannen er køyrd til sjukehus i Volda for vidare behandling. Vedkomande er vaken og går på eigne bein, ifølgje Twitter-melding frå politiet.