Arbeidet i Rotsethorntunnelen er i gang – er nattestengt til ubestemt dato i desember

Kravde beredskapsferje

Utrykkingskøyretøy har lov til å passere gjennom Rotsethorntunnelen. Likevel kravde formannskapet i Volda at vegvesenet skulle sørge for ferje i beredskap.

Første kolonnekøyring: Måndag 3. september klokka 19.20, rulla den første kolonnen inn Rotsethorntunnelen. Storarbeid som betongsprøyting skal vere unnagjort i løpet av desember. Fram til då er tunnelen nattestengt. Brann, politi og ambulanse får passere likevel.  Foto: Tarjei Engeset Ofstad

Nyheter

Rotsethorntunnelen blir oppgradert for kring 89 millionar kroner. Tidleg på morgonen og på kveldstid, må bilistane fint vente i kø og køyre i kolonne. På nettene er tunnelen stengt.