Fylkesmannen si miljøvernavdeling har åtvara betongprodusenten Unicon sidan 2016

Risikerer tvangsmulkt

Unicon AS avdeling Ørsta slepper ut restar frå betongproduksjon i fjorden. Dei risikerer å måtte betale ein halv million kroner i tvangsmulkt.

Ørstafjorden: På Rystene, mellom Ørstafjorden og Industrivegen, produserer Unicon betong. Når desse bilane vert vaska, hamnar slaget på botn av fjorden. Fylkesmannen har sidan 2016 kravd at selskapet tar grep for å stoppe ureininga.  Foto: Tarjei Engeset Ofstad

Nyheter

Når Unicon AS avdeling Ørsta spyler betongbilane sine, ender vaskevatnet fjorden. Det kjem fram i ein offentleg inspeksjonsrapport.