Mariann Humberset er overvelda over reaksjonane på TV-serien «Jeg mot meg»

– Så mykje kjærlegheit

– Eg har fått uendeleg med meldingar, og berre positive. Frå kjente og ukjente. Eg må visst ha treft folk skikkeleg.

Tilbake: Mariann Humberset (23) likar å ha mange jarn i elden. Nå har ho teke opp att studia på Høgskulen i Volda, der ho går sisteåret på barnevernslina. Snart skal ho ut i praksis. Der ho skal jobbe med einslege mindreårige. Snart kjem ho med nye låtar, deriblant ein på Ørsta-dialekt som handlar om serien «Jeg mot meg».  Foto: Lene Flataker

Nyheter

– Mange er både overraska og sjokkerte over det eg fortel i serien. Dei sender klemmar og gode ord. Mange har ikkje visst at eg har hatt det slik. Ikkje ein gong familien min her i Ørsta kjende til alt, fortel Mariann Humberset, etter at dei to første episodane av NRK-serien «Jeg mot meg» er send.