Ulsteinmessa køyrer i gong laurdag:

110 bilar, familieshow, hoppeslott og auksjonsvarer til nesten 150 000 kroner

Ulsteinmessa blei arrangert for første gong i fjor. Då var det omlag 3.000 besøkande. Arrangør Cato Voldsund håper det kjem like mange i år.

Arrangør Cato Voldsund fortel at halvparten av dei 110 bilane var på plass fredag kveld i 18-tida. Her står han ved ei Porsche 911 GT3, som har 476 hestar.  Foto: Marius Rosbach

Nyheter

– I fjor fekk vi jo litt draghjelp sidan Ulstein verft feira 100 års-jubileum. Men vi håpar at det kjem like mange i år. Det fortel Voldsund, som kan love at arrangementet blir større enn i fjor.