Leif Hoggen (90) stal showet

Ein humørfylt Leif Hoggen (90) stel showet i skifilmen som hadde premiere i Volda torsdag kveld.

Leif Hoggen på filmpremiere saman med kona Liv FOTO: SVEIN AAM 

Nyheter

(Møre-Nytt): Saman med kona Liv kunne Leif Hoggen gå opp den raude løparen, og gjere seg klar for filmpremiere på den litt annleis skifilmen «Millom Bakkar og Berg», produsert av det Volda-baserte selskapet Ranglefant.

Hoggen deler hovudrollene med den erfarne og profesjonelle off-pist køyraren Karsten Gefle, og den tidlegare Volda-studenten Petter Westgaard frå Narvik.