Storkontroll av busspassasjerar:

Over 200 sat usikra i bussen

I alt 248 bussar og 4372 busspassasjerar blei kontrollert på Vestlandet under Belte i buss- kampanjen førre veke. 156 av dei usikra fekk gebyr for manglande beltebruk.

Blir du teken for manglande beltebruk i bussen blirt det 1.500 kroner i gebyr. ARKIVFOTO  Foto: Foto: Statens vegvesen

Anne Margrethe Bøe er kampanjeansvarleg i Statens vegvesen Region vest.  Foto: Statens vegvesen

Nyheter

Anne Margrethe Bøe som er kampanjeansvarleg i Statens vegvesen Region vest er uroa over at det framleis er ein del som vel å sitje usikra i bussen når dei har moglegheit til å sikre seg med belte.

- Vi har skrive ut over 150 gebyr, og det er veldig mykje. Terskelen for å skrive ut eit gebyr på manglande bruk av belte i buss er høg, så eg kjennar at det er eit skuffande bilete vi no har på kor medveten folk er med sikring av seg sjølve når dei tar buss.

-Vi arbeider heile tida med å betre trafikktryggleiken på vegane våre, og eg ynskjer at folk skal tenkje på sin eigen og ikkje minst andre sin tryggleik når det ikkje festar belte, seier ho.

God beltebruk blant sjåførane

Ho er likevel nøgd med at heile 248 bussjåførar blei kontrollerte, og at berre to av sjåførane sat utan belte.

- Tala seier meg at vi kan tenkje på sjåførane som våre ambassadørar for trafikktryggleik. Eg har også snakka med fleire bussjåførar denne veka som stadfestar at dei gjer ein god innsats for å sikra passasjerar og har eit ynskje om å bidra til ei trygg reise, seier Bøe.