Fastlege seier opp i protest mot kommunalsjef: – Ikkje noko hyggeleg at nokon omtalar våre tilsette slik

Oppseiinga til ein fastlege vart grunngjeven med mistillit til ein kommunalsjef – og lagt ut på legesenterets heimesider.

Seier opp: Sunnmørsposten fekk ikkje stilt Øystein Hove spørsmål om denne saka onsdag, og fekk opplyst frå legesenteret at han var oppteken med pasientavtale. Fastlegen har sagt opp stillinga si i Sykkylven og sluttar etter planen i mars neste år – 65 år gamal. Hove er også deleigar i Sykkylven legesenter. Arkivfoto  Foto: Nils Harald Ånstad

Nyheter

Organiseringa av legetenestene i Sykkylven har vore ei heit potet dei siste dagane. Temperaturen steig i førre veke etter at Øystein Hove sa opp fastlegeheimelen sin i protest mot kommunen – og oppseiinga vart publisert på heimesidene til legesenteret.