Døde i tank – brot på fleire prosedyrar, meiner reiarlaget

NRK: Brot på tryggleiksrutinar førte til ulukka der to menn omkom på tankskipet «Key Fighter» utanfor Stad, meiner reiarlaget som driftar skipet.
Nyheter

Sjølv om «Key Fighter» er registrert på Malta, blir tankskipet drifta av reiarlaget Fjord Shipping i Måløy. To av mannskapet var i ferd med å utføre arbeid i ein tom tank då dei vart funne medvitslause.

Mennene vart funne utan personlege gassmålarar på seg, opplyser reiarlaget.

– Det ser ut til å vere brot på tryggleiksprosedyrar for måling av atmosfæren i tanken. Det ser òg ut til å vere brot på rutinane for personlege gassmålarar. Men den endelege konklusjonen kjem først når styresmaktene har gjort sine undersøkingar, seier advokat Hugo Matre, som representerer reiarlaget, til NRK.

«Key Fighter» fraktar vanlegvis rapsolje og fiskeolje. Ifølgje politiet skal dei to ha blitt utsett for den giftige gassen hydrogensulfid.

Arbeid i tank kan vere farleg. I sommar omkom ein av mannskapet på Giske-trålaren «Nordstar» under arbeid i ein tank. Skipperen på «Nordstar»: Slik skjedde dødsfallet