Vurderer kommunal drift av legekontoret i Giske

Skuldast mellom anna at fleire legar ved det i dag private legekontoret skal ha ytra ønskje om at kommunen tar over drifta.
Nyheter

Giske kommune vurderer kommunal drift av legekontoret, melder lokalavisa Øy-Blikk. I dag betalar kommunen det private selskapet Legekontoret i Giske AS for drift av denne tenesta.

- Vi har blitt opplyst om at husleigekontrakten går ut neste år, og vi har fått innspel om eit ønskje frå legane om kommunal drift av legekontoret. Difor har vi starta med å sjekke potensielle lokalitetar, seier konstituert rådmann Sindre Røsvik.

Legekontoret er i dag lokalisert på Ytterland, og i annonsa til kommunen heiter det at dei er på utkikk etter kontorlokale for eit framtidsretta legesenter sentralt på Valderøya.

- Det er viktig med enkel og god tilgang for pasientane, seier Røsvik til avisa.

Hermod Flaaen, som er største aksjonær i Legekontoret i Giske AS, peiker på at det så langt ikkje er gjort noko vedtak, og seier til Øy-Blikk at det difor blir for tidleg å kommentere saka no.