Dag 2 i skattesvik-rettsaka i Søre Sunnmøre tingrett:

– Står ikkje til truande at han ikkje har visst at formua skulle oppgis

Aktor la ned påstand om eitt års fengsel og 100.000 kroner i bot, mot mannen som er tiltalt for grovt skattesvik.

Ser alvorleg på saka: – Han har hatt ei beløpsmessig veldig stor formue i utlandet, sa aktor Hilde Haugen 

Nyheter

Oppdatering: Slik vart dommen i saka.

Ein mann i 60-åra frå Søre Sunnmøre står tiltalt for å ha unnlate å oppgi skattepliktig formue i utlandet frå 2011 til 2015. I den opphavlege tiltala var formua i 2015 oppgitt til å vere drygt 21,9 millionar kroner, men dette er justert ned til i underkant av 19,5 millionar.