Forskingsdagane:

Viser fram forsking i Volda

– Vi har aldri hatt så mange arrangement som i år.

tema: Oppvekst er det nasjonale temaet for forskingsdagane i år. 

Nyheter

Høgskulen i Volda byr på 26 ulike arrangement under Forskingsdagane 19. til 27. september. Temaet i år er «Oppvekst».

– Vi har aldri hatt så mange arrangement som i år. Samstundes er det også enorm breidde i arrangementa. Vi ønskjer å vise fram mangfaldet i forskings- og utviklingsarbeidet, seier Geir Tangen, som er koordinator og program- ansvarleg for Forskingsdagane.

Arrangementa skal passe for både barn, unge og vaksne. Det er foredrag, seminar, paneldebatt, samtalekafé og filmkveldar. Alt er gratis og ope for alle. Arrangementa er lagt til både høgskulen og andre stader i Volda, Ørsta, Ulstein og Herøy. Rektor Johann Roppen oppmodar nyfikne frå heile regionen om å plukke ut eitt eller fleire arrangement for å få innblikk i den varierte FoU-aktiviteten ved høgskulen.