Ikkje lågare fartsgrense rundt Geiranger

Statens vegvesen avslår søknaden om nedsett fartsgrense på vegane nær Geiranger.

GEIRANGER: Det blir ikkje nedsett fart ved Geiranger.  

Nyheter

Det var Stiftinga Geiranger Verdsarv som søkte om nedsett fartsgrense på strekninga Ørnesvingen-Geiranger sentrum, og Geiranger sentrum-Dalen.

80-sone i dag

For store delar av denne strekninga er det i dag 80-sone. Det er heilt uhøyrt at det er så høg fartsgrense her, spesielt av omsyn til trafikksikkerheit og miljøomsyn, meiner Katrin Blomvik i verdsarvstiftinga.

Men vegvesenet seier nei. Dei viser til at dei må følgje nasjonale retningsliner, og då skal ein ikkje ta omsyn til faktorar som trafikkmengd, vegbreidde, kurvatur eller siktforhold.

Vurdering

Seksjonsleiar Lisbeth Smørholm skriv i avslagsbrevet at dei har gjort ei vurdering av trafikksituasjonen på staden for å sjå om det er grunnlag for å sette ned fartsgrensa. Resultatet av vurderinga viser at det ikkje er eit slikt grunnlag her.

Endringar i fartsgrense betrar ikkje trafikksituasjonen, seier vegvesenet – og meiner det er betre at bilistane tilpassar farta etter tilhøva.