550 besøkande på jobbmesse:

Agnieszka frå Polen søker lukka i Norge med sjølvlært norsk

– Eg fekk ikkje tilbod om jobb i dag, men det er eit par bedrifter eg skal møte igjen, seier Agnieszka Legutko håpefullt. Ho var mellom 550 besøkjande på jobbmesse i Ulsteinvik.

– Ser mange moglegheiter: Agnieszka Legutko (t.h.) fekk mykje positivt ut av jobbmessa i går og skal halde kontakta med eit par bedrifter. – Eg ser mange moglegheiter, fortel ho til Linda Grimstad frå Nav Møre og Romsdal. Alle foto: Marius Rosbach 

Nyheter

Agnieszka Legutko frå Polen har lært seg norsk på eiga hand og satsar på eit liv her til lands. På jobbmesse i Ulsteinvik fekk ho kontakt med fleire arbeidsgjevarar ho håpar kan føre til fast jobb.