Sula: Dørvakt skal ha blitt angripen

Politiet søkte etter gjerningspersonen - utan hell.
Nyheter

Ei dørvakt ved ein utestad på Eidsnes i Sula vart angripen natt til søndag, melder politiet.

- Gjerningspersonen hadde stukke frå staden før politiet kom. Politiet ser etter vedkommande, som skulle gå rundt i bar overkropp og bukse, skriv dei i ei Twitter-melding litt etter klokka 03. Det er ikk,e opplyst om vakta fekk skadar.

- Gjerningspersonen vart ikkje funnen, får Sunnmørsposten opplyst ved operasjonssentralen til politiet.