Bonde saknar 50 sauer

BONDE: Saueeigar Per Kjell Leite saknar 50 av dyra sine.   Foto: Terje Engås

Nyheter

Saueeigar Per Kjell Leite på Hellesylt har fått heim 140 sauer og lam frå sommarbeite. Det er 50 færre enn han sleppte.

Det fortel han til hellesylt.info.

Dyra har gått på beite i Oaldsbygda i sommar. Etter andre sankarhelga saknar bonden framleis mange dyr.

Saueeigaren seier at han enno har håp om på få heim meir av buskapen. Mellom anna saknar han ti vaksne sauer med lam.

Hellesylt.info skriv at mykje lauv på skogen gjer det ekstra vanskeleg å finne dyra.

Per Kjell Leite fryktar at det er snakk om rovdyrskadar, og at tapet blir betydeleg større enn i fjor.

I 2014 opplevde Leite at ein streifande ulv tok 22 av sauene hans. Ulven vart seinare skoten i Sykkylven.