Bil i autovernet på Giskebrua

Politiet ber om tips etter eit trafikkuhell på Giskebrua tysdag kveld.
Nyheter

Ein einsleg bil køyrde i autovernet på brua, og det skal vere store skader på bilen.

Tre personar sprang frå staden, og det er ukjent for politiet om det var personskader etter ulukka.

Møre og Romsdal politidistrikt ber i ei twittermelding klokka 23.32 folk som har sett noko om å ta kontakt.

– Ingen vart skadd ulykka. Politiet har gjort undersøkingar på staden, og det vil bli oppretta straffesak, opplyser oppdragsleiar Sindre Molnes til Sunnmørsposten onsdag morgen.