MSC hevdar dei var eigar av aquadomen

I retten sa MSCs advokat at selskapet ser seg som eigar av oppdrettsanlegget som havarerte. Dei tilbakevisar derfor millionkravet frå Cermaq.

Advokat for MSC: Jostein Nordbø gjer sitt beste for at MSC skal sleppe å betale 14,3 millionar kronar til Cermaq. Han sa at det kan kome motsøksmål mot Cermaq i framtida, grunna det MSC ser på som kontraktbrot.  Foto: Tarjei Engeset Ofstad

Nyheter

– Det var aldri snakk om nokon kjøpskontrakt, men ein forskings- og utviklingskontrakt, sa MSCs advokat Jostein Nordbø i Søre Sunnmøre tingrett.