Giske vil vere god nabo - seier nei nye Ålesund

Med stort fleirtal vedtok Giske kommunestyre å seie ni til å bli ein del av nye Ålesund.

Debatt: Med 14 mot ni røyster vedtok kommunestyret i Giske at ein vil halde fram som eigen kommune, men bidra med alle sine positive aktivitetar inn i den nye regionen, nye Ålesund. Mange i fleirtalsblokka meinte det var for tidleg å bli ein de av storkommunen no, men sette døra open for nye drøftingar kanskje berre om to år.  

Nyheter

– Giske kan bli ein rasande god nabo til storkommunen. Vi vil vere ein viktig bidragsytar for å byggje regionen, sa ordførar Harry Valderhaug framføre avrøystinga. No vonar han at dette spørsmålet ikkje kjem opp på ei stund.