Kommunestyret i Giske avgjer spørsmålet om samanslåing med nye Ålesund:

Olav Sindre Roald droppar Tyrkia-ferien for å seie nei til Ålesund

Når kommunestyret skal seie ja eller nei til samanslåing med Ålesund, så får Tyrkia-turen berre vente til ein annan gong.

JA TIL GISKE: Det at «Tyrkia-flyet» tok av frå Vigra utan at han kunne vere med denne gongen, er eit lite offer når det gjeld å vere med på å bestemme Giske si framtid, meiner Olav Sindre Roald, gruppeleiar for Tverrpolitisk liste. Han trur eit klart fleirtal av politikarane i Giske seier nei til Ålesund, men held seg heime for sikkerheits skuld. 

Nyheter

Billettane til utanlandsreisa vart kjøpt for fleire månader sidan. Men kona måtte reise utan Olav Sindre Roald denne gongen. I staden for skyfri himmel og 28 varmegrader i Alanya, vert det viktig møte mellom hauststormane på Giske rådhus.