Uteguiden eller Loen Skylift kan vinne nasjonal pris

Av tre selskap som er nominert til Reiselivsprisen 2018, er to frå Nordvestlandet.

På Sukkertoppen: Guide Reidmar Rundberg (til høyre) i Uteguiden, er her på tur med utanlandske turistar. Frå venstre: Amy Smyth, Dave Tarbell og Sue Tarbell. Bildet er tatt i samband med ein tur Sunnmørsposten var med på i juli 2017.   Foto: Tarjei Engeset Ofstad

Nyheter

Innovasjon Norge deler kvart år ut Reiselivsprisen, som det er knytt stor prestisje til i turistnæringa. Uteguiden, Loen Skylift, og Beitostølen Resort/Destinasjonskirurgene konkurrerar no om å verte folkets vinnar. Alle kan gå inn og røyste på sin favoritt. Frista er 21. oktober.