Køyrde med promille og utan gyldig førarkort

Nyheter

En bilførar vart teken av politiet for å ha vore rusa bak rattet i Ørsta natt til søndag.

Køyringa skal ha skjedd ved Vatnevatnet og føraren blåste til «raudt» då han vart testa av politiet. Mannen må svare rettsleg for promillekøyringa og fordi han køyrde utan gyldig førarkort, ifølgje ei Twitter-melding frå politiet i Møre og Romsdal.