Vil du bu på ein av landets mest vêrharde plassar?

«Fyrvoktarane» på Kråkenes fyr gir seg.

Her slår storbåra inn over Kråkenes fyr. Arkivbilde  Foto: Torfinn Kråkenes

Nyheter

Kystverket er på jakt etter nye leietakarar ved Kråkenes fyr etter at dei noverande drivarane gir seg.

Det meir enn hundre år gamle fyret lengst nordvest i Vågsøy går for å vere ein av dei mest vêrharde plassane i landet

Bettina Vick, som snart gir seg, har vore ved Kråkenes fyr i 21 år. Ho skriv på sin Facebook-profil er at det er vemodig å gi seg, men at ho gler seg til nye eventyr.

Det søkjast etter nye leietakarar som kan ta over fyret ved årsskiftet. Fristen for å melde si interesse er 31. oktober, skriv Kystverket.