Kvinne funnen død i Stryn kommune – politiet etterforskar saka

Nyheter

Ei kvinne i 50 åra vart funnen død utandørs i Oldedalen natt til søndag.

- Alle naudetatane og folk frå Røde Kors var på staden etter at ho vart funnen, men livet stod ikkje til å redde. Politiet etterforskar saka på vanleg måte, opplyser politioverbetjent Lasse Trosdahl til avisa Fjordingen.

– Politiet har jobba med saka gjennom helga og kvinna skal obduserast i dag. Dødsårsaka er førebels ikkje kjend, ifølge NRK Sogn og Fjordane.

Politiet opplyser til avisa Firda at det ikkje er mistanke om at det har skjedd noko kriminelt.

Funn på staden tyder på at kvinna har falle ned ein skrent, stadfester operasjonssentralen.