Opna Geiranger-Langvatn

Vegen er open i tidsrommet 12-20 tysdag.

Fylkesveg 63 mellom Geiranger og Langvatn. Arkivfoto: Kåre Berge/Statens vegvesen 

Nyheter

Vegtrafikksentralen for Midt-Norge opplyser at strekninga Geiranger-Langvatn, på fylkesveg 63, er opna for trafikk frå klokka 12.00 tysdag.

Vegen har vore stengt på grunn av vanskelege køyreforhold.

Men gleda over open veg er dessverre kortvarig.

– Stenger igjen klokka 20 i kveld. Ny vurdering onsdag, skriv Vegtrafikksentralen.