Tok grep på Kleven for å sikre at hurtigruteskipa vert levert i tide

Årsaka til det overraskande direktørskifte ved Kleven, vert forklara med at ein vil sikre at hurtigruteskipa vert levert i tide.

Forseinka: MS «Roald Amundsen», som skulle vore levert seinare i år, vert først levert tidleg neste år. Tidlegare i år måtte Hurtigruten kansellere seglasar og betale tilbake pengar til gjestar som hadde bestilt tur. Også ekspedisjonsskip nummer to – MS «Fridtjof Nansen» vert forseinka. Arkivbilde 

Nyheter

Måndag kom nyheita om at Kleven-direktør Karsten Sævik, ikkje lengre var ønska i sjefsstolen ved verftet. I staden har styret tilsett Olav Nakken frå Hurtigruten som ny direktør.