Carl Frode Tiller er nynorsk festspeldiktar

Forfattaren Carl Frode Tiller er festspeldiktar på Dei nynorske festspela i 2019.

Gler seg: Forfattar Carl Frode Tiller (t.v.) og programansvarleg for festspela, Olav Øyehaug Opsvik. – Vi gler oss alle stort til samarbeidet med Tiller, og til å fylle bygdene våre med sterkt innhald og rike opplevingar, seier Opsvik.   Foto: Dei nynorske festspela

Nyheter

– Carl Frode Tiller er ei av dei sterkaste stemmene i norsk litteratur, ein av dei som viser oss kva menneskesinnet kan romme. Vi ser fram til å løfte fram fleire sider av forfattarskapen hans for publikum, seier dagleg leiar Gaute Øvereng i ei pressemelding.

Festspela neste år er i dagane 13. til 16. juni. Tiller vil delta på fleire arrangement, og forfattarskapen hans kjem til å prege programmet både direkte og indirekte, melder Dei nynorske festspela i ei pressemelding.

Første frå Trøndelag

Tiller blir første festspeldiktaren ein har hatt frå Trøndelag, og i pressemeldinga fortel han om forholdet sitt til nynorsken.

Det var nynorsken som gav han sjansen til å bruke dialekten sin i bøkene.

– Eg vart både stolt og glad då eg fekk spørsmål om å vere festspeldiktar under Dei nynorske festspela i 2019. Eg har så mykje å takke nynorsken for. Han gav meg sjansen til å bruke trønderdialekten min i det eg skriv, og hadde det ikkje vore for det, veit eg ikkje om eg hadde vore forfattar i dag. Eg hadde iallfall vore ein dårlegare forfattar, seier Tiller.

Har fått fleire prisar

Tiller debuterte med romanen Skråninga i 2001. Sidan den gong har han skrive ytterlegare fem romanar og tre teaterstykke.

Han skreiv sjølv om debutromanen til teater for Det Norske Teatret i 2004, medan den siste romanen hans, Begynnelser, først blei skrive og sett opp som eit teaterstykke av Trøndelag Teater i 2016.

Tiller har motteke mange prisar for forfattarskapen sin, og har mellom anna blitt kåra til ein av landets ti beste forfattarar under 35 år av Morgenbladet i 2005.

Han er no ein av to norske kandidatar til å vinne Nordisk råds litteraturpris 30. oktober 2018.


Marit Eikemo blir festspeldiktar

– Marit Eikemo er ein av samtidslitteraturen sine skarpaste stemmer. Ho er ein av få satirikarar som ikkje treng å ty til ironi eller spydige karakteristikkar for å få fram poenget, seier dagleg leiar Gaute Øvereng i Ivar Aasen-tunet.



Ei rørande stund i Aasen-tunet

Festspeldiktaren felte tårer over nye barnesongar