Ein av tjuefire eliteoksar:

Supersæd frå Saure-okse

Okse 11941 frå Bjørke har supersæd. Han er ein av 24 NRF-oksar i landet som er plukka ut til å verte eliteokse dei komande månadene.

Eliteokse: Okse 11941 frå Saure i Skjåstaddalen er plukka ut til å verte eliteokse dei komande månadene.    Foto: JAN ARVE KRISTIANSEN

For meg var det avgjerande at dyra skulle vere snille, og kome når vi ropar

Oddhild Beate Saure
Nyheter

(Møre-Nytt:) – Det er klart dette er stas. Denne oksen av rasen Norsk Raudt Fe (NRF) vart fødd her på Saure i desember 2016. Og han er eit resultat av at eg satsa ganske mykje på eit målretta avlsarbeid, fortel Oddhild Beate Saure, som selde oksen til Geno.