Politiloggen:

Trafikkuhell i Selje

Vest politidistrikt melde tysdag om eit trafikkuhell ved Kvernevika i Selje kommune.
Nyheter

Politiet meldte om ulukka klokka 12.55, dei var da på veg til ulukkesstaden på fylkesveg 618.

Ifølgje politiet skal det ikkje vere meldt om personskade etter ulukka.

Litt seinare melder politiet at det var eit mindre uhell. Politiet oppretta ikkje sak, men overlet til partane å fylle ut skademelding.