Utanlandske semitrailerar køyrer ulovleg

– Risikokøyring

Vegen blir fornya for 14 millionar kroner. Framleis er det risikabelt og ulovleg å køyre semitrailer her.

For lang: Dette er ikkje eit uvanleg syn, men denne polske semitraileren er for lang og kan få trøbbel dersom den møter andre like breie bilar på fylkesvegen gjennom Nakkedalen/Vatnedalen. Foto: Statens vegvesen  Foto: Statens Vegvesen

Nyheter

Enkelte småbilar køyrer alt for fort over Nakkedalen, skreiv Sunnmørsposten på måndag. Men det er ikkje berre småbilistar som bryt reglane på denne vegen.

Rett som det er kjem for tunge eller for lange køyretøy. Ein semitrailer er for lang og har ikkje lov til å køyre mellom Vatne og Fiksdalen.