Flypassasjeravgift:

Kan verte Widerøe-kutt frå Hovden

Widerøe varslar kutt i selskapet sine ruter. Hovden - Oslo kan verte råka. Årsaka er flypassasjeravgifta.

Kutt: Widerøe varslar kutt. Kvar det vert kutta i rutetilbodet, kjem selskapet tilbake til. Årsaka er flypassasjeravgifta.  Foto: Arkivfoto.

Nyheter

(Mørenytt):– Widerøe har lest statsbudsjettet og må konstatere at trass i at flypassasjeravgifta vert noko differensiert, er dette langt frå tilstrekkeleg til å sikre dei naudsynte rammevilkåra for ei vidare utvikling av det kommersielle kortbanenettet i distrikts-Noreg, heiter det i ei pressemelding frå selskapet.

Widerøe seier at dette vil få konsekvensar for rutetilbodet.