Per-Roar Gjerde får meir ansvar i Marine Harvest

51-åring frå Syvde i Vanylven skal leie alle oppdrettsaktivitetane til Marine Harvest.

Per-Roar Gjerde (51) er frå Syvde i Vanylven.  Foto: Arkivfoto

Nyheter

Det melder Marine Harvest i ei børsmelding onsdag morgon. Gjerde blei i 2017 ein del av konsernleiinga til oppdrettsgiganten, med ansvar for oppdrett i Norge og Chile, nå får han altså utvida oppgåver.

Marine Harvest utvider konsernledelsen

Per-Roar Gjerde er blitt utnevnt til Chief Operating Officer (COO) Farming for Norge og Chile.


Dette skjer som følgje av at Marit Solberg, som hadde ansvar for oppdrettsaktivitetane i Skottland, Canada, Irland og Færøyene, går av med pensjon. Gjerde får stillingstittelen «Chief Operating Officer (COO) Farming».

Per-Roar Gjerde frå Syvde i Vanylven er 51 år og har utdanninga si frå Norges Handelshøyskole (NHH), samt leiarutdanning frå AFF i Norge og Insead i Frankrike.

Gjerde har lang erfaring frå fiskeoppdrett og sal av fisk. Han starta karrieren som seljar i Domstein Salmon. I 2002 blei han controller for farming i Fjord Seafood Norway, som i 2006 blei ein del av Marine Harvest. I 2007 blei Gjerde utnemnd til regiondirektør i region vest, ein av de fire norske regionane i Marine Harvest Norway. I januar 2016 flytta han til Chile, og leia restruktureringa av Marine Harvest sin verksemd i landet.

– Vil ikkje flagge ut

Marine Harvest støttar regjeringa i å fjerne eigarskapsbegrensinga, men forsikrar samstundes at filetfabrikken på Eggesbønes er trygg.