Blir ny direktør for Sykkylven Energi AS

Per Arne Edvardsen (49) er tilsett som ny administrerande direktør i Sykkylven Energi AS.

SYKKYLVEN: Per Arne Edvardsen blir ny sjef i Sykkylven Energi.  Foto: Privat

Nyheter

Han tek over etter Trond T. Lauritsen som skiftar beite og nyleg vart tilsett som dagleg leiar i Bingsa Næring i Ålesund.

Edvardsen er utdanna sivilingeniør innan elkraft ved NTH, og har brei leiar- og bransjeerfaring, heiter det i ei pressemelding frå Sykkylven Energi.

Dei siste 11 åra har han vore adm.dir. i Vello Nordic AS, eit selskap i Spilka-gruppen. Før det var han i fem år divisjonssjef i Tafjord Kraftnett, der han var leiar for entreprenørdivisjonen. Edvardsen har også arbeidd i Alstom Power og ABB Kraft.

Per Arne Edvardsen tek til i si nye stilling i Sykkylven Energi AS 1. desember. Selskapet er heileigd av Sykkylven kommune.