Framleis raudt farenivå

Det er framleis stor fart i fjellpartiet Veslemannen.

Videostrøm produsert av NRK Møre og Romsdal.

Nyheter

Bevegelsane er framleis høge, og det går jamleg mindre steinsprang i fjellpartiet Veslemannen, opplyser Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE).

– I øvre del er det registrert bevegelse på 73 cm det siste døgnet, og hastigheitene er no 62 cm per døgn, skriv NVE torsdag kveld. I frontpartiet er det registrert bevegelse på 2–5 cm det siste døgnet, og hastigheita er no 1,5-2,5 cm per døgn.

– Temperaturen har auka dei siste timane, og er no 9,8 grader. Sidan det framleis er snø i fjellet medfører dette snøsmelting, og vatn blir tilført fjellpartiet. Sidan det er meldt plussgrader dei neste dagane, og regn laurdag og søndag, ventar NVE at fjellpartiet vil ha høge bevegelsar framover. Det er framleis raudt farenivå.

Bevegelser på 80–90 cm i Veslemannen

Det er bevegelser på opp mot 80 centimeter per døgn i de mest aktive delene av fjellpartiet Veslemannen i Romsdal. NVE opprettholder rødt farenivå.


– Det har gått hyppige skred i går kveld og i natt, eitt stort rundt klokka 22.30 i går kveld, truleg på fleire hundre kubikkmeter, fortalde geolog Einar Anda i NVE på ein pressekonferanse torsdag føremiddag.

Den mest aktive delen av Veslemannen har bevegd seg 3,5 meter den siste månaden.