Ny verftsdirektør har tru på framtida for Kleven Verft

Jobbar for å byggje fleire skip for Hurtigruten

Kleven Verft jobbar på spreng for å bli ferdig med det nye ekspedisjonsskipet til Hurtigruten. Den nye toppsjefen set i verk tiltak og reknar med å bli ferdig i tide.

Verftsdirektør: Olav Nakken har lang erfaring frå skipsindustri, men i 2014 gjekk han over til landbaserte prosjekt. Blant anna var han sentral under oppstart og tidleg gjennomføring av Sjukehuset i Vestfold og Beredskapssenteret til politiet i Oslo. No er jobben hans å sikre at ekspedisjonsskipet «Roald Amundsen» blir levert til rett tid, slik at skipet er klar for å ta mot passasjerar i mai neste år.  Foto: Staale Wattø

Vi må ikkje gløyme at Kleven har eit godt utgangspunkt og mykje flinke folk

Nyheter

– Det er utfordrande tidsplan, men vi er sånn nokolunde på plan. Vi er i ferd med å setje inn tiltak som tryggar leveringa, seier Olav Nakken (54).