Flaum i Tysseelva- Åkre er isolert

Tyssefossen var enorm søndag.  Foto: Tipser

Nyheter

(Mørenytt):– Elva har byrja å grave under vegfundamentet ved brannstasjonen på Bjørke, opplyser Dag Jarle Aa, som er teknisk vakt i Ørsta kommune.

Kommunen har stengt vegen som går opp til Åkre og dei øvste Bjørke-gardane.

Folk på Bjørke seier dei aldri har sett elva, og Tysse-fossen, så stor nokon gong.

– Elva veks framleis, men dersom vervarslet sler til skal det halde opp å regne ved midnatt, seier Dag Jarle Aa.

Vegstenginga fører til at tre hustandar på Åkre er isolerte.

– No er vegen stengt, og vi må berre avvente situasjonen til det vert lyst i morgon, seier teknisk vakt i Ørsta kommune.

Saka blei først publisert i Mørenytt.