Politiloggen:

Til sjukehus og lege etter vald

Ein person er send til sjukehus og ein person til lege etter valdshendingar på Sunnmøre natt til søndag.
Nyheter

Klokka 03.53 melder politiet i Møre og Romsdal om ei valdssak i Ulsteinvik. Ein person skal vere slått og skada.

Vedkomande er køyrd til sjukehus for undersøking og behandling. Sak blir følgd opp med etterforskning.

Like før, klokka 03.32 i Ålesund, skal ein mann ha dytta ein annan slik at han blei skadd.

Fornærma er køyrd til lege og gjerningsmannen blir meld til politiet og bortvist frå staden. Ein tredje person på staden blei sett i arrest då han forstyrra politipatruljen sitt arbeid.

I Sykkylven er mann mistenkt for køyring i påverka tilstand, melder politiet klokka 03.26. Litt tidlegare på kveld, klokka 01.51 i Ulsteinvik, er det også meldt om ulovleg køyring. Også der er ein mann mistenkt for køyring i påvirka tilstand. Blodprøve blir teke av begge.

Like før klokka to natt til søndag blei ein mann bortvist frå Ålesund sentrum på grunn av ordensuro.

Om lag samtidig blei ein ung mann teken for å ha brukt narkotika.

Like før midnatt, også dette i Ålesund, blei ein mann sett i arrest. Han blir meld for forulemping av politiet og for ordensuro.

Rundt midnatt avslutta også ein politipatrulje ein støyande fest i ei leiligheit i Ålesund sentrum.


Stoppa berusa bilfører i fartskontroll

Bilføreren kjørte for fort, var beruset og hadde ikke førerkort.