Bom stopp i trappa:

Dagens dårlegaste idé?

Ein ung mann prøvde å køyre opp Trico-trappa i Ørsta. Det gjekk ikkje så bra.
Nyheter

Tysdag kveld stod bilen fast i Trico-trappa, mellom Strandgata og Kyrkjegata i Ørsta sentrum. Då Møre-Nytt var på staden var også nokre unge menn til stades. Dei var lite villege til å kommentere kva som har skjedd.

Men på Twitter skriv politiet: " Ein ung mann blir anmeldt og fråtatt førarkortet. Han gjorde eit mislukka forsøk på å køyre bil opp ei trapp mellom Strandgata og Kyrkjegata. Bilen står fast og har fått skader, slik at det trengs bilberging."

Bilen er av den typen som er bygd for å køyre i ulendt terreng, men her vart det altså bom stopp.

Saka blei først publisert på Mørenytt