Høgre og Ap delt om Nordøyvegen

Når Nordøyvegen skal opp i fylkestinget i desember, trur ikkje Tennfjord det blir eit samrøystes vedtak.

Fylkesleiar Dag Olav Tennfjord i Høgre.  Foto: Arkivfoto: Staale Wattø

Nyheter

Lokalavisa Nordre har intervjua Høgre sin fylkesleiar Dag Olav Tennfjord om støtta til Nordøyvegen. Tennfjord er ikkje på fylkestinget. Han trur at Høgre kan bli delt når saka skal avgjerast.

– Kven har signalisert at dei vil stoppe det no? spør Nordre.

– Eg kan ikkje gå ut med det. Ein del er openbert avventande, svarer Tennfjord. Med kostnadssprekken på 800 millionar kroner vil nok enkelte hevde at føresetnadene er endra, trur han.

Også Arbeidarpartiet kan bli delt i saka etter den store kostnadssprekken.

– Eg trur verken eg eller Ap er klare til å seie ja eller endeleg nei før vi har fått det klart korleis det er mogleg å til, seier Per Vidar Kjølmoen (Ap) frå Rauma.

24. oktober skal Ålesund Arbeidarparti ha møte der Deloitte presenterer økonomien i prosjektet. Kjølmoen skulle gjerne sett at prosjektet blir realisert, og han rosar Ålesund og Haram Ap for at dei står på og bidrar til eit breiare bilde. Spørsmålet er berre om det mogleg å få tak i pengane som skal til, avsluttar Kjølmoen.