Skal evaluere ordninga med akuttkirurgi:

Vil ha helgepasientane tilbake til Volda-kirurgien

Ei arbeidsgruppe skal i løpet av hausten legge fram korleis dei ser for seg vaktordninga ved akuttkirurgien i Volda.

Helgestengt: Dei siste åra har akuttkirurgien ved Volda sjukehus vore stengt på helg. No skal ei gruppe i helseføretaket vurdere vaktordninga for avdelinga. Det er venta at leiargruppa i Helse Møre og Romsdal vil få ei sak på sitt bord etter at arbeidet er avslutta innan november/desember. Arkivbilde  Foto: Knut Arne Aarset

Nyheter

Hovudtillitsvalt Odd Frode Aasen for overlegeforeininga ved sjukehuset i Volda ser fram til å sjå resultatet av arbeidet og meiner det er grunn til å vurdere på nytt ordninga med at akuttkirurgien er helgestengt.