Ap-leiaren i Vestnes trekte seg etter liste-uro

Leiar Stig Holmstrøm i Vestnes Arbeidarparti har trekt seg frå verv og nominasjonen.

UT: Stig Holmstrøm har trekt seg som leiar av Vestnes Ap. ARKIVFOTO  Foto: Terje Engås

Nyheter

Årsaka er at nominasjonsnemnda har plassert han nede på 5.-plass på sitt listeframlegg, skriv Bygdebladet.

– Mitt ønske var å stå på topp av lista, noko eg hadde gitt uttrykk for til nominasjonsnemnda, seier Holmstrøm til avisa.

Ut av lista

Då han fekk vite at nominasjonsnemnda hadde plassert han på 5.-plass, valde han umiddelbart å trekke seg, ikkje berre frå lista, men også som leiar av Vestnes Ap.

Holmstrøm forsikrar at han framleis er arbeidarpartimann, og at han kjem til å halde fram i dei kommunalpolitiske verva sine.

Lodda stemninga

Øyvind Uren i nemnda, seier til Bygdebladet at dei har laga listeframlegget etter å ha lodda stemninga rundt omkring.


Kamp om å stå på valglista i til Ålesund Høyre – disse er foreslått:

Må igjen kjempe om plassen på valglista: – Jeg har enkelte tillatt meg å tenke selv. Det har nok smertet folk som krever hundre prosent lydighet

Personstemmer og slengere sikret ham plass i bystyret sist. Nå kan han forsvinne helt fra valglista til Ålesund Høyre.

 

Stor skepsis til Arbeiderpartiet

Møre-KrF vil inn i Erna-regjeringen

Et flertall av utsendingene fra Møre og Romsdal til det ekstraordinære KrF-landsmøtet vil inn i Solberg-regjeringen.