Full sprik om Stad skipstunnel

Hurtigruten og Havila skal begge segle kystruta forbi Stad, men dei ser heilt ulikt på kva for nytte og interesse verdas første skipstunnel kan ha.

FÅ DAGAR MED STANS: Hurtigruten meiner skipa deira i stor grad handterer forholda forbi Stadhavet. Reiarlaget peiker på at skipa i dag ventar med å segle den vêrharde strekninga fem til sju gonger årleg grunna dårleg vêr. Dei trur også det opne havstrekket vil vere ei større oppleving for deira reisande, enn verdas først skipstunnel, og konkluderer med at Hurtigruten ikkje vil bruke Stad skipstunnel. Illustrasjon: Snøhetta/Kystverket 

Nyheter

– Dei har alltid vore negative til skipstunnelen, så dette var ingen nyheit for meg. Det einaste er at vi no har fått det svart på kvitt ut i offentlegheita, seier Per Sævik til Hurtigruten sin konklusjon om at deira skip ikkje vil bruke den planlagde tunnelen.