Hurtigruten vil ikkje bruke Stad skipstunnel

Hurtigruten meiner det ikkje er nokon gode grunnar til å nytte seg av den planlagde Stad skipstunnel.

Skipstunnelen Mange har tru på at Stad skipstunnel vil trekke tilreisande frå heile verda, men Hurtigruten trur ikkje deira passasjerer vil ha stor interesse for prosjektet. Skipa deira vil i tilfelle passere tunnelen tidleg på morgonkvisten og Hurtigruten trur det å segle det opne havstrekket vil vere ein større attraksjon. Illustrasjon: Kystverket  

Nyheter

På oppmoding frå prosjektet har Hurtigruten gitt ein uttale om korleis dei ser for seg bruken av skipstunnelen.

I eit brev skisserer dei at skipstunnelen gir lengre reisetid, og vil krevje ei større omlegging av rutene til dei 11 skipa Hurtigruten har i drift langs kysten.

(les heile brevet til høgre - under om du les på mobil)

Vil føre til «stikk motsette» av måla

Dei har også vurdert miljøkonsekvensar, tryggleik og tunnelen som turistattraksjon – og konkluderer med at ikkje noko av dette gir gode argument for å nytte skipstunnel, framfor dagens rute.

– Målet ved ein skipstunnel ved Stad skal vere å redusere reisetid, redusere forureining og redusere faren for ulukker. For Hurtigruten sin del vil det å bruke tunnelen kort sagt føre til det stikk motsette, skriv kommunikasjonssjef Rune Thomas Ege i Hurtigruten i ein e-post. 

Dei påpeiker likevel at dei trur tunnelen kan ha positiv effekt for skip med anna driftsmønster enn Hurtigruten, og skriv at dei har tillit til styresmaktene sitt arbeid og vurderingar i saka.

Hurtigruten innleier brevet med å påpeike at dei tidlegare ikkje har ønska å konkludere i saka, og at dei som enkeltoperatør ikkje vil legge føringar på en prosess med så store samfunnsøkonomiske konsekvensar.

(saka held fram under)

Stad skipstunnel:

Hvor lønnsom kan skipstunnelen bli?

– Stortinget har sagt at Stad skipstunnel skal gjennomføres. Vi må ta en runde på kostnadene før vi går videre med prosjektet, sier Helge Orten (H).

Rådmann i Ulstein blir den ny kystdirektør:

Einar Vik Arset gler seg til oppgåva

– Kystverket er eit fyrtårn, og eg ser fram til å arbeide inn mot ein profesjonell organisasjon.

 

Vil ikkje skje: Hurtiruten sine skip er fleire gonger nytta i illustrasjonar til skipstunnelen, som er laga for skip opptil storleiken til MS «Midnattsol». Illustrasjon: Force Technology/Kystverket 

 

Lengre rute og meir utslepp

I brevet tek Hurtigruten føre seg dei ulike momenta etter tur.

Skipstunnelen har som mål at den skal bidra til at klimautsleppa går ned. Hurtigruten viser at det ikkje vil gjelde for deira skip – og viser til lengre seglingsled og høgare forbrukt av drivstoff.

Dei påpeiker at ruta med skipstunnel vert drygt fire nautiske mil lengre enn i dag. I tillegg er det tenkt at tunnelen skal ha «einvegskøyring», noko som kan gi ventetid og forseinkingar.

Konsekvensane må verte at skipa anten aukar farta til «godt over 16 knop», samanlikna med snittfarta i dag på 13,5 knop. Det vil gi auka utslepp og forbruk av drivstoff.

Andre alternativ kan vere å endre ruteplanen eller ligge kortare i hamnene, men kommunikasjonssjef Rune Thomas Ege meiner det ikkje er gode løysingar.

– Ventar fem-sju gonger i året

Reiarlaget meiner skipa deira i stor grad handterer forholda på den vêrharde strekninga. Når veret er for dårleg pleier skipa vente til det betrar seg, men dette skjer ikkje meir enn fem til sju gonger i året – om lag éin prosent av passeringane.

Dei trur ikkje ein skipstunnel vil endre på den praksisen og viser til at farvatna før og etter tunnelen er trongt og tidvis grunt. Det gir både auka fare for grunnstøytingar og at vêrforholda vert meir avgjerande.

Hurtigruten er usikre på korleis skipa vil handtere sterk vind og store bølgjer ved innseglinga til tunnelen. Dei påpeiker at skipa har store sideflater, samstundes som det er behov for ein viss styrefart.

– I situasjonar med svært dårleg vêr, der det oppfattast å ikkje vere trygt å gå over Stad, vil det heller ikkje vere trygt å gå ny led og gjennom tunnel, skriv Hurtigruten.


Tala til vegmisjonærar om enorme moglegheiter for turismen i regionen – ber folk vere vakne på verdssensasjonen Stad skipstunnel

Per Sævik: – Her er det mange som søv i timen

– Islendingane har lukkast langt betre enn oss med turisme. Og det er i alle fall ikkje fordi dei har betre ver, klima eller tilkomst!

DN:

Hurtigruten forsøkte å stoppe Havila-kontrakten

Men klagen ble avvist og Havila-kontrakten signert.

Synspunkt om Stad skipstunnel og KS2:

– Svartmaling av prosjektet

Styringsgruppa for Stad skipstunnel mener at den siste kvalitetssikringen (KS2) av Stad skipstunnel er en svartmaling av prosjektet og har store mangler.


Uroa for evakueringa

Selskapet påpeiker også manglande erfaring med tryggleik i lukka tunnelar og at dei ser «med bekymring» på ein situasjon der ein må evakuere eit skip inne i tunnelen. Dei kan mellom anna ikkje sjå føre seg korleis ein kan låre livbåtar og flåtar i tråd med dei krava som gjeld.

– Man veit samstundes at konsekvensane med tunnelulukker ofte er betydeleg større enn andre ulukker. Vi kjenner heller ikkje til korleis man konkret ser føre seg ein effektiv og trygg sjøassistanse utøva inne i sjølve tunnelen, heiter det i brevet.

Dei strekar under at det ikkje er internasjonale krav til sikring og tryggleik i skipstunnelar. Konklusjonen deira er at tunnelen ikkje vil oppfylle målet om å redusere risikoen for ulukker.

Trur ikkje på turisteffekt

Heller ikkje «turistargumentet» får gjennomslag hos Hurtigruten, eit moment som er trekt fram av mellom anna Hurtigruten-konkurrent Per Sævik.

Dei trur skipstunnelen vil ha avgrensa verdi som «turistmagnet», på lik linje med vindmølleparkar eller bruer.

– Vår gjestar kjem til Norge for å oppleve aktive naturbaserte opplevingar, påpeiker Hurtigruten.

Det høyrer med til historia at skipa med dagens rute vil passere skipstunnelen grytidleg på morgonkvisten, noko dei trur vil gjere at det vil vere ei oppleving for «eit fåtal spesielt interesserte».