Tunnel kan erstatte bru til Nerlandsøya

I staden for å bygge ei ny Nerlandsøybru, kan det kome ein tunnel.

HERØY: Nerlandsøybrua er i dårleg stand og treng utskifting. Kjetil Bjørneset (th) frå Kvalsvik grendelag og Odd Magne Kvalsund frå Nerlandsøy grendelag har vore intervjua i Sunnmørsposten om saka tidlegare.   Foto: Geir H. Strand

Nyheter

Ein slik tunnel skal no greiast ut som eit seriøst alternativ. Det kom fram under eit møte ei tverrpolitisk arbeidsgruppe i Herøy hadde med fylkeskommunen i Molde nyleg, skriv Vestlandsnytt.

Medan det er Statens vegvesen som har greidd ut brualternativet, skal arbeidet med å vurdere ein tunnel settast ut til ein uavhengig konsulent.

Ekstern delfinansiering

På møtet i Molde var det også semje om å knyte kontakt med selskapet Nye Veier AS. Og fylkeskommunen vil undersøke om det er mogeleg med ei ekstern delfinansiering.

Avisa fortel også at i oppsummeringa frå møtet heiter det at utgreiinga av tunnelalternativet skal gjennomførast utan føreutinntekne synspunkt.


Har ikkje pengar til 20 metersbru

Fylket har ikkje pengar til ny Nerlandsøybru med 20 meter seglingshøgd.

 

Kommentar:

Ein veg er ikkje berre ein veg

Tilstanden på bruene, slik dei står fram i dag, er skremmande. Når ein må høvle av asfalten og legge avgrensingar på trafikken fordi dei er gått ut på dato, seier det seg sjølv at her er det ein jobb som er forsømt for lenge.

Nerlandsøybrua får meir pengar

På initiativ frå Bjarne Kvalsvik fekk Nerlandsøybrua 60 millionar meir av fylkestinget for perioden 2015-19.