Tjuvar stal våpen frå skyttarlag på Vartdal

Tok med seg to våpenskap frå Vartdal Skyttarlag.

BER OM TIPS: Etterforskingsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt, Grete Hjelle.  Foto: Marius Rosbach

Nyheter

Det stadfestar etterforskingsleiar i politiet, Grete Hjelle, overfor Sunnmørsposten tysdag.

Innbrotet og tjuveriet vart oppdaga måndag.

Hjelle seier tjuveriet har skjedd i tidsrommet fredag klokka 15.00 til måndag klokka 11.39.

Tjuvane har teke seg inn i eit bygg som skyttarlaget eig. Der har dei fjerna to våpenskap og alt dei hadde av innhald.

Kvart våpenskap veg 250 kilo.

– Det er ei rekkje våpen som er fjerna, meir konkret enn det ynskjer vi ikkje å vere akkurat no, seier etterforskingsleiaren til Sunnmørsposten.

Politiet ser alvorleg på at ein ikkje har kontroll på våpena.

– Det er aldri bra. Vi har sett inn ressursar og har lagt opp til ei brei etterforsking, seier Hjelle.

Ho håper også at folk kan bidra med tips.

– Vi tek i mot alle tips med takk, alle observasjonar er av interesse. Både i tidsrommet før, under og etter tjuveriet, seier Hjelle.